Merkur-programmet

Merkur servicestøtte 2026

Merkur servicestøtte 2026 Opprett ny søknad på støtteordning Servicestøtte til distriktsbutikkar Servicestøtta skal bidra til å oppretthalde dei aller minste daglegvarebutikkane. Servicetilskotet skal bidra til tilleggsoppgåver til lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Merkur-forskrifta har klare rammer for kven som kan motta servicestøtte. Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den har ein avstand på minst 20 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på ein stad utan fast vegsamband, eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy har omsetning for mindre enn 5 millionar kroner i året. Meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel skal ikkje reknast med er open heile året og har ope minst 3 kvardagar per veke i lågsesong har minst tre tilleggstenester i tillegg til sal av daglegvarer, til dømes post og bank i butikk, tipping, kaffikrok, turistanlegg, kommunalt servicekontor, sal av drivstoff, kafé/pub, mm. Maksimalt støttebeløp er 150 000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift. 75 % av støttebeløpet blir betalt ut ved tilsagn. 25 % blir betalt ut etter sluttrapportering. Servicestøtte - Merkur-programmet Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga. Vi tek atterhald om tilgjengelege midlar. Butikkar som mottok servicestøtte i 2025 må ha levert sluttrapprot før ein søkjer på nytt. Støtteordninga gjeld Merkur-butikkar. Det vil seie daglegvarebutikkar som har delteke eller deltek i Merkur sitt kompetanseprogram. Bokhandlar som har delteke i Merkurs kompetanseprogram, er ikkje omfatta av servicestøtteordninga. For meir informasjon: Servicestøtte - Merkur-programmet

Tema

  • Regionalforvaltning
  • regional
  • kommune
  • fylkeskommune

Offisiell informasjon hos Merkur-programmet