Setesdal Regionråd
Regionalt næringsfond for Setesdal 2026
Regionalt næringsfond for Setesdal 2026 Regionalt næringsfond Setesdalsregionen 2026 Regionalt næringsfond for Setesdalsregionen 2026 omfattar kommunane Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle, og blir forvalta av Setesdal interkommunalt politisk råd (IPR) i tråd med gjeldande samarbeidsavtale mellom kommunane. Formål og prioriteringar Regionalt næringsfond er eit verkemiddel for å bidra til næringsutvikling i Setesdalsregionen, innanfor dei overordna prioriteringane til Setesdal IPR. I styremøte i desember 2025 vedtok styret i Setesdal IPR å redusere den samla økonomiske ramma. Det er og gjort endringer i strategisk retning for kva type tiltak og prosjekt regionrådet skal prioritere. Setesdal IPR gir som hovudregel ikkje støtte til lokale prosjekt eller anleggstiltak som naturleg høyrer inn under kommunane sitt ansvarsområde eller andre tilskotsordningar. Som følgje av dette vil regionalt næringsfond i 2026 ha eit tydeleg regionalt fokus. Midlane skal i hovudsak prioriterast til prosjekt som har stor og vesentleg regional betydning for heile Setesdalsregionen, som bidreg til utvikling, omstilling og verdiskaping. Prosjekt som blir prioriterte: har brei regional forankring og/eller involverer fleire kommunar gir langsiktige utviklingseffektar for heile regionen styrkar samarbeid, innovasjon eller felles regionale satsingar Tiltak med avgrensa lokal eller bedriftsintern effekt vil i mindre grad bli prioriterte. Saksbehandling Søknader vert førebudde av administrasjonen i samarbeid med Setesdal næringsforum. Ein legg til grunn ny strategisk retning frå styret i Setesdal IPR, og vedtektene for regionalt næringsfond Setesdalsregionen. Tildeling av midlar skjer i tråd med EØS-regelverket for offentleg støtte. Søknad Søknader skal sendast via regionalforvaltning.no. Det vert tilrådd å ta kontakt med næringsrådgjevar i eigen kommune eller dagleg leiar i Setesdal IPR før søknad blir sendt inn. Søknaden skal innehalde ei tydeleg beskriving av prosjektet, målsettingar, regional relevans, budsjett og finansieringsplan, saman med nødvendige vedlegg. Søknadfrist Søknadsfrister: 01.02.2026 og 01.09.2026. Søknadar blir behandla samla etter kvar søknadsfrist, før endelig handsaming i styret. Før du søker Vi tilrår at du tek kontakt med næringsrådgjevar i kommunen din for å avklare om prosjektet ditt er eigna for å søkje støtte. Åseral kommune: Hennie Engedal Lindøe [public contact omitted] Evje og Hornnes kommune: Morten K. Haraldstad [public contact omitted] Bygland kommune: Gyro Heia [public contact omitted] Valle kommune: Åse Ingebjørg Flateland [public contact omitted] Bykle kommune: Nils Marcus Lund [public contact omitted]
Tema
- Regionalforvaltning
- regional
- kommune
- fylkeskommune