Bufdir
Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar
Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar Søke om tilskot Søknadsfrist for tilskot i 2027: Søknadsfristen er 15. september 2026. Beløp: Bevilginga for 2026 var på kr 254 095 246. Forskrift: Forskrift om tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar Kven kan søke? Frivillige og demokratiske landsomfattande organisasjonar av og for personar med funksjonsnedsetting kan søke om tilskot. Alle som søker om tilskot må tilfredsstille inngangskrava i § 14 i forskrifta. Det finst unntak for organisasjonar som organiserer personar med sjeldan diagnose i forskrifta § 15. Søkarar som ikkje lenger tilfredsstiller inngangskrava i ordninga (minst 250 medlemmar og/eller medlemmar i minst fire fylke), og som heller ikkje kan søke unntak på grunnlag av at ein organiserer ein sjeldan diagnose, kan i staden søke om utfasingstilskot. Sjå § 25 i forskrifta. Kva kan eg søkje om tilskot til? De kan søke om driftstilskot. Driftstilskot skal gå til oppgåver som normalt er ein del av den interne og eksterne kjerneverksemda i organisasjonen i samsvar med vedtekter, føremål og aktivitetsplan. Mål og målgruppa for ordninga Formålet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at medlemmane i organisasjonen kan delta, og at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje eit tilbod til eigne medlemmar. Målgruppa for tilskotsordninga er frivillige og demokratiske organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting som baserer seg på individuelt medlemskap, og som arbeider mot diskriminering og for likestilling av personar med funksjonsnedsettingar. Korleis søkje? Søk om tilskot ved å fylle ut og sende inn skjema i Bufdir sin søknadsportal . Ha nødvendige vedlegg klare når de set i gang utfyllinga av søknaden. Vedlegg til søknad For alle søkarar: Årsrekneskap for grunnlagsåret med revisjonsmelding. I tillegg må det leggast ved eit årsrekneskap spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan). Årsmelding for grunnlagsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildre aktivitetane og drifta i grunnlagsåret og skal normalt vere styret si årsmelding. Gjeldande vedtekter dersom desse er endra sidan sist søknad. Vedtektsendringar skal vere tydeleg markerte i dokumentet. Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldinga under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje nødvendig å leggja dette ved separat. For nye søkjarar: Årsrekneskap med revisjonsmelding for dei to siste åra før søknadsåret. I tillegg må det leggast ved eit årsrekneskap spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan). Årsmeldinga for det to siste åra før søknadsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i året før grunnlagsåret og skal normalt vere styret si årsmelding. Gjeldande vedtekter for organisasjonen. Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldingane under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje nødvendig å leggja dette ved separat. Kven skal sende inn søknaden Dagleg leiar eller styreleiar i organisasjonen, eventuelt ein annan person styret har gjeve fullmakt (dagleg leiar eller styreleiar må i så fall signere eit fullmaktsskjema som må lastast opp saman med søknaden, slik at ein følgjer signaturreglane etter forskrifta). Sjå § 28 i forskrifta. Skjemaet finn de under "malar, skjema og andre tips" lenger ned på denne nettsida. Malar, skjema og andre tips Malar for årsrapport og likepersonsaktivitetar Mal for årsrapport lokallag Skjema for teljande likepersonar Skjema for teljande likepersonsaktivitetar Fullmaktsskjema for signering av søknad Dersom ein annan enn styreleiar eller dagleg leiar sender inn søknaden i søknadsportalen, skal det leggjast ved fullmakt. Nedanfor er eit standardskjema for slik fullmakt. Du kan gjerne nytte eige skjema eller oppsett - men dette må då innehalde dei same opplysningane som malen gjer: Namn på den som får fullmakta, namn (og gjerne organisasjonsnummer) på organisasjonen og dato og signatur frå den som gjev fullmakta (dagleg leiar eller styreleiar). Fullmaktsskjema i word-format Fullmaktsskjema i pdf-format Likepersonsarbeid ADHD Norge, i samarbeid med FFO og Dysleksi Norge, har utarbeida to korte animasjonsfilmar som handlar om likepersonsarbeid: Hva er en likeperson tar for seg kva det vil seie å vere ein likeperson. Likepersonsrapportering tar for seg regelverket for rapportering av likepersonsrapportar. Bufdir anbefaler desse for organisasjonar som vil ha informasjon om temaa. Tid for saksbehandling, utbetaling og moglegheit for klage Når søknadsfristen går ut, vil vi setje i gang med saksbehandlinga. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for korreksjonar og ettersending av informasjon. Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga i slutten av januar månad, og at tilskots- og avslagsbrev og utbetaling vil kunne sendast ut i februar. Dette vil likevel kunne variere noko frå år til år. Høve til å klage Det vil følgje med informasjon om korleis de kan klage på vedtak i vedtaksbrevet de får. Normalt er klagefristen tre veker frå dagen de får brevet frå oss. Ekspertutvalet Ekspertutvalet er oppnemnt av Bufdir, og skal hjelpe med råd i saksbehandlinga av tilskotsrett for nye søkjarar i ordninga og vurderingar av gruppeplassering. Protokollar frå møter i utvalet finst på «einnsyn.no». Samansetning: Leiar: Inger Huseby, pensjonist, tidl. seniorrådgjevar i Helsedirektoratet Nestleiar: Kari Grimholt, Health systems and Policy Partner i Roche Norge, tidlegare rådgjevar i Bufdir Medlemmar: Stein Are Aksnes, avdelingsleiar Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser Roald Undlien, Førsteamanuensis og seksjonsleiar for seksjon barnevern, sosialt arbeid og vernepleie ved Universitetet i Innlandet Britt Inger Skaanes, generalsekretær i Diabetesforbundet Eirik Asker Pettersen, seniorrådgiver i Norges Blindeforbund Hedvig Ekberg, generalsekretær Norsk Forbund for utviklingshemmede Annika Fallsen Huhtala, dagleg leiar Ung Kreft Vara: Kim Berge, seniorrådgjevar/nestleiar NAKU - Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming Hilde Nyberg, styreleder i Norsk forening for cystisk fibrose Jørgen Foss, organisasjonssjef i Norges Handikapforbund Adrian Losentsson, generalsekretær i Mental Helse Ungdom Informasjonsmøte om tilskot Last ned oppdatert presentasjon om tilskot for tilskuddsåret 2027 Rapportering Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga då rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden. Rapporteringsfrist er dermed den same som søknadsfristen. Rapporteringa som skal leggjast ved søknaden består av årsmelding og årsrekneskap til organisasjonane. Årsrekneskapen skal leverast med revisjonsmelding frå statsautorisert revisor. Rekneskapen må vere spesifisert slik at det går fram at tilskotet er nytta etter vilkåra. Kven har fått tilskot? Tildelingar 2026 Alle organisasjonar i tilskotsordninga får ubetalt tilskotet i to omgangar, ein halvpart i januar/februar og ein halvpart i juli. Totalt har 141 organisasjonar fått tildelt midlar, to av desse er nye organisasjonar som ikkje fekk tilskot i 2025. Funksjonshemma sine organisasjonar - poengfordeling 2026 Følgande organisasjonar har fått tildelt midlar: ADHD Norge: 4 912 920 kroner Alopeciaforeningen Norge: 869 088 kroner Ananke, Norsk Forening for Mennesker med OCD og relaterte lidelser: 632 248 kroner Aniridi Norge: 386 454 kroner Autismeforeningen i Norge: 4 481 176 kroner Barnekreftforeningen: 2 471 636 kroner Bekhterev Norge: 1 416 376 kroner Bipolarforeningen Norge: 1 485 049 kroner Blodkreftforeningen: 1 589 246 kroner Blærekreft Norge: 498 620 kroner Blærekreftforeningen: 739 847 kroner Brystkreftforeningen: 4 990 797 kroner Cerebral Parese-Foreningen: 3 766 348 kroner Cri Du Chat Foreningen: 512 919 kroner Debra Norge: 455 264 kroner Den Norske PKU-Forening: 573 551 kroner Diabetesforbundet: 5 990 175 kroner Downs Syndrom Norge: 1 921 026 kroner Dysleksi Norge: 3 903 072 kroner Endometrioseforeningen: 1 302 289 kroner Epilepsiforbundet: 3 537 071 kroner FH Norge: 761 705 kroner Forbundet Tenner og Helse: 364 251 kroner Forening for Autoimmune Leversykdommer: 635 571 kroner Foreningen for Bardet-Biedl syndrom: 601 875 kroner Foreningen for Blødere i Norge (FBIN): 608 039 kroner Foreningen for Cornelia De Langes Syndrom: 409 175 kroner Foreningen for el-overfølsomme: 628 501 kroner Foreningen for Fragilt X-Syndrom: 709 359 kroner Foreningen for Galaktosemi: 354 786 kroner Foreningen for Hjertesyke Barn: 1 751 910 kroner Foreningen for Kroniske Smertepasienter: 1 046 267 kroner Foreningen for Marfan, Loeys-Dietz eller lignende tilstander: 576 917 kroner Foreningen for Muskelsyke: 2 144 452 kroner Foreningen for Rubinstein Taybi Syndrom: 495 657 kroner Foreningen VCFS - Digeorge Syndrom (22q11 Delesjon): 602 256 kroner Gynkreftforeningen: 1 051 633 kroner HHT- Osler Foreningen, Norge: 440 059 kroner HivNorge: 657 566 kroner Hjernerystelsesforeningen: 674 022 kroner Hjernesvulstforeningen: 1 470 492 kroner Hodepine Norge:1 893 662 kroner Hvite Ørn Norge: 604 047 kroner Hypofyse- og Binyreforeningen: 770 598 kroner Hypopara Norge: 362 165 kroner Hørselsforbundet: 10 798 291 kroner Hørselshemmede Barns Organisasjon (HHBO): 531 691 kroner Iktyoseforeningen i Norge: 398 379 kroner Klinefelterforeningen i Norge: 560 173 kroner Knappen Foreningen: 550 247 kroner Kristent Arbeid Blant Blinde og Svaksynte: 645 950 kroner Landsforbundet for Utviklingshemmede og Pårørende: 1 067 334 kroner Landsforeningen for Huntingtons Sykdom: 1 186 476 kroner Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte: 1 773 721 kroner Landsforeningen for Prader-Willis Syndrom: 673 454 kroner Landsforeningen for Vestibulære Sykdommer: 498 678 kroner Landsforening for Porfyri: 389 360 kroner Leppe/Ganespalteforeningen i Norge: 474 223 kroner Leverforeningen: 622 754 kroner LHL, Landsforeningen for Hjerte, Lunge og Hjerneslag: 11 639 303 kroner Lungekreftforeningen: 839 815 kroner Lymfekreftforeningen: 827 876 kroner Løvemammaene: 3 076 564 kroner Mage-Tarmforbundet: 1 984 172 kroner Mat & Atferd: 566 358 kroner ME-Foreldrene: 420 136 kroner Melanomforeningen: 647 777 kroner Mental Helse: 5 452 760 kroner Mental Helse Ungdom: 1 552 633 kroner Momentum - Foreningen for Amputerte Dysmelister og Ortosebrukere: 1 052 596 kroner Multippel Sklerose Forbundet i Norge: 4 226 103 kroner Munn- og Halskreftforeningen: 796 653 kroner Nakkeforbundet: 422 826 kroner Nakke og Kjeve: 600 882 kroner Net-Kreftforeningen Carcinor: 702 583 kroner Noonanforeningen: 595 524 kroner Norges Astma- og Allergiforbund: 3 353 980 kroner Norges Blindeforbund: 5 159 006 kroner Norges Blindeforbunds Ungdom: 468 602 kroner Norges Døveforbund: 1 930 221 kroner Norges Fibromyalgi Forbund: 2 325 191 kroner Norges Handikapforbund: 7 299 132 kroner Norges Handikapforbunds Ungdom: 367 678 kroner Norges Myalgisk Encefalopati Forening: 2 633 430 kroner Norges Parkinsonforbund: 3 773 224 kroner NORILCO - Norsk Forening for Stomi, Reservoar og Mage- og Tarmkreft: 2 223 263 kroner Norsk Craniofacial Forening (NCF): 540 545 kroner Norsk Cøliakiforening: 2 823 177 kroner Norsk Cøliakiforenings Ungdom: 831 015 kroner Norsk Dysmeliforening: 802 993 kroner Norsk Dystoniforening: 835 823 kroner Norsk Forbund for Utviklingshemmede: 5 065 436 kroner Norsk Forening for Albinisme: 438 887 kroner Norsk Forening for Angelmans Syndrom: 523 527 kroner Norsk Forening for Anorektale Misdannelser: 576 716 kroner Norsk Forening for Blæreekstrofi og Epispadi: 551 182 kroner Norsk Forening for Brannskadde: 847 209 kroner Norsk Forening for Cystisk Fibrose: 1 097 981 kroner Norsk Forening for Ehlers Danlos Syndrom: 589 072 kroner Norsk Forening for Nevrofibromatose: 945 781 kroner Norsk Forening for Osteogenesis Imperfecta: 938 280 kroner Norsk Forening for Rett Syndrom: 622 129 kroner Norsk Forening for Slagrammede: 1 379 694 kroner Norsk Forening for Tuberøs Sklerose Complex: 483 789 kroner Norsk Forening for William Syndrom: 909 970 kroner Norsk Forening for Øsofagusatresi: 480 768 kroner Norsk Glaukomforening: 746 651 kroner Norsk Hemokromatoseforbund: 507 093 kroner Norsk Immunsviktforening: 407 636 kroner Norsk Interesseforening for Kortvokste: 596 459 kroner Norsk Interesseforening for Stamming og Løpsk Tale: 621 740 kroner Norsk Lyme Borreliose-Forening: 403 665 kroner Norsk Lymfødem og Lipødemforbund: 1 434 731 kroner Norsk Mo- og Olliersforening: 421 431 kroner Norsk NCL-Forening: 723 859 kroner Norsk Revmatikerforbund: 12 041 679 kroner Norsk Sarkoidose Forening: 711 646 kroner Norsk Tourette Forening: 1 234 065 kroner PCOS Norge - Støtteforening for Polycystisk Ovariesyndrom: 662 018 kroner Personskadeforbundet LTN: 1 204 896 kroner PMDD Norge: 401 651 kroner Prostatakreftforeningen: 1 955 478 kroner Psoriasis- og Eksemforbundet: 1 479 115 kroner Psoriasis- og Eksemforbundet Ung: 112 742 kroner Retinitis Pigmentosa Foreningen i Norge: 986 124 kroner RLS Norge: 625 912 kroner Ryggforeningen i Norge: 1 244 059 kroner Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen (RH-Foreningen): 990 497 kroner Rådgivning om Spiseforstyrrelser: 1 686 150 kroner SANE Norge, Forening For Autoimmune Og Infeksjonstriggede Encefalitter: 353 822 kroner Sarkomer: 773 788 kroner Spiseforstyrrelsesforeningen: 852 042 kroner Spondyloartrittforbundet Norge: 1 422 734 kroner Stoffskifteforbundet: 2 796 649 kroner Søvnforeningen: 1 054 179 kroner Turner Syndromforeningen Norge: 464 370 kroner Ung Kreft: 774 871 kroner Veteranforbundet SIOPS - Skadde i Internasjonale Operasjoner: 404 385 kroner Voksne Med Medfødt Hjertefeil: 721 176 kroner Vulvaforeningen: 493 139 kroner WSO - Landsforeningen We Shall Overcome: 477 891 kroner Tildelingar 2025 Alle organisasjonar i tilskotsordninga får ubetalt tilskotet i to omgangar, ein halvpart i januar/februar og ein halvpart i juli. Totalt har 139 organisasjonar blitt tildelt midlar, fire av desse er organisasjonar som ikkje mottok tilskot i 2024. Funksjonshemma sine organisasjonar - poengfordeling 2025 Følgande organisasjonar har fått tildelt midlar: ADHD Norge: 4 801 486 kroner Alopeciaforeningen Norge: 844 093 kroner Aniridi Norge: 380 714 kroner Autismeforeningen i Norge: 4 203 255 kroner Barnekreftforeningen: 2 565 931 kroner Bekhterev Norge: 1 346 637 kroner Bipolarforeningen Norge: 1 384 275 kroner Blodkreftforeningen: 1 509 747 kroner Blærekreft Norge: 426 048 kroner Blærekreftforeningen: 706 550 kroner Brystkreftforeningen: 4 893 545 kroner Cerebral Parese-Foreningen: 3 690 137 kroner Cri Du Chat Foreningen: 498 690 kroner DEBRA Norge: 443 904 kroner Den Norske PKU-forening: 503 500 kroner Diabetesforbundet: 6 082 818 kroner Downs Syndrom Norge: 1 855 276 kroner Dysleksi Norge : 3 655 129 kroner Endometrioseforeningen i Norge: 1 174 503 kroner Epilepsiforbundet: 3 441 934 kroner FH Norge: 759 535 kroner Forbundet Tenner og Helse: 370 908 kroner Forening For Autoimmune Leversykdommer: 611 670 kroner Foreningen for BARDET-BIEDL SYNDROM: 586 051 kroner Foreningen For Blødere I Norge (FBIN): 607 774 kroner Foreningen For Cornelia De Langes Syndrom: 395 486 kroner Foreningen for el-overfølsomme: 620 967 kroner Foreningen For Fragilt X-Syndrom: 765 379 kroner Foreningen for Galaktosemi: 320 211 kroner Foreningen For Hjertesyke Barn: 1 643 992 kroner Foreningen for Kroniske Smertepasienter: 1 043 704 kroner Foreningen for Marfan, Loeys-Dietz eller lignende tilstander: 573 803 kroner Foreningen for Muskelsyke: 2 146 550 kroner Foreningen For Rubinstein Taybi Syndrom: 471 183 kroner Foreningen VCFS - Digeorge Syndrom (22Q11 DELESJON): 573 323 kroner Gynkreftforeningen: 890 578 kroner HHT- Osler Foreningen, Norge : 419 459 kroner HivNorge: 669 377 kroner Hjernerystelsesforeningen: 551 446 kroner Hjernesvulstforeningen: 1 449 280 kroner HLF Hørselshemmedes Landsforbund: 11 037 723 kroner Hodepine Norge: 1 512 405 kroner Hvite Ørn Norge: 567 620 kroner Hypofyse- Og Binyreforeningen: 1 113 343 kroner Hypopara Norge: 363 087 kroner Hørselshemmede Barns Organisasjon (HHBO): 443 587 kroner Iktyoseforeningen i Norge: 392 041 kroner Klinefelterforeningen i Norge: 530 668 kroner Knappen foreningen: 556 773 kroner Kristent Arbeid Blant Blinde Og Svaksynte: 641 420 kroner Landsforbundet for Utviklingshemmede og Pårørende: 1 104 917 kroner Landsforening For Porfyri: 361 117 kroner Landsforeningen For Huntingtons Sykdom: 928 902 kroner Landsforeningen For Nyrepasienter Og Transplanterte: 1 742 911 kroner Landsforeningen for Prader-Willis syndrom: 666 448 kroner Landsforeningen For Vestibulære Sykdommer: 467 936 kroner Leppe/ganespalteforeningen i Norge: 478 266 kroner Leverforeningen: 578 068 kroner LHL: 12 595 241 kroner Lungekreftforeningen: 819 154 kroner Lymfekreftforeningen: 828 598 kroner Løvemammaene: 2 782 726 kroner Mage-tarmforbundet: 1 902 479 kroner Mat & Atferd: 518 848 kroner ME-Foreldrene: 401 308 kroner Melanomforeningen: 639 708 kroner Mental Helse: 5 484 225 kroner Mental Helse Ungdom: 1 476 664 kroner Momentum - Foreningen For Amputerte Dysmelister Og Ortosebrukere: 1 055 392 kroner Multippel Sklerose Forbundet i Norge: 4 321 525 kroner Munn- og halskreftforeningen: 811 657 kroner Nakke Og Kjeve: 573 596 kroner Nakkeforbundet: 379 054 kroner Net-Kreftforeningen Carcinor: 654 760 kroner Noonanforeningen: 577 736 kroner Norges Astma- og Allergiforbund: 3 483 770 kroner Norges Blindeforbund: 5 067 353 kroner Norges Blindeforbunds Ungdom: 341 301 kroner Norges Døveforbund: 1 902 833 kroner Norges Fibromyalgi Forbund: 2 476 326 kroner Norges Handikapforbund: 7 290 562 kroner Norges Handikapforbunds Ungdom: 384 126 kroner Norges Myalgisk Encefalopati Forening: 2 636 300 kroner Norges Parkinsonforbund: 3 513 850 kroner Norilco - Norsk Forening For Stomi, Reservoar Og Mage- Og Tarmkreft: 2 193 694 kroner Norsk Craniofacial Forening: 525 267 kroner Norsk Cøliakiforening: 2 604 914 kroner Norsk Cøliakiforenings Ungdom: 627 470 kroner Norsk Dysmeliforening: 859 355 kroner Norsk Dystoniforening: 804 972 kroner Norsk Forbund For Utviklingshemmede: 4 947 153 kroner Norsk Forening for Albinisme: 405 595 kroner Norsk forening for Angelmans Syndrom: 547 521 kroner Norsk Forening For Anorektale Misdannelser: 572 121 kroner Norsk Forening for Blæreekstrofi og Epispadi: 553 158 kroner Norsk Forening For Brannskadde: 805 489 kroner Norsk Forening For Cystisk Fibrose: 1 104 201 kroner Norsk Forening for Ehlers Danlos Syndrom: 565 170 kroner Norsk Forening For Nevrofibromatose: 998 732 kroner Norsk Forening For Osteogenesis Imperfecta: 821 515 kroner Norsk Forening For Rett Syndrom: 541 662 kroner Norsk forening for slagrammede: 1 451 050 kroner Norsk Forening for Tuberøs Sklerose: 423 111 kroner Norsk Forening For William Syndrom: 920 653 kroner Norsk Forening for Øsofagusatresi: 420 391 kroner Norsk Glaukomforening: 819 774 kroner Norsk Hemokromatoseforbund: 490 219 kroner Norsk Immunsviktforening: 419 312 kroner Norsk Interesseforening For Kortvokste: 534 284 kroner Norsk interesseforening for stamming og løpsk tale: 631 887 kroner Norsk Lyme Borreliose-Forening: 342 575 kroner Norsk lymfødem og lipødemforbund: 1 492 378 kroner Norsk Mo- Og Olliersforening: 431 486 kroner Norsk NCL-Forening: 709 538 kroner Norsk OCD Og Angstforening, Ananke: 652 739 kroner Norsk Revmatikerforbund: 12 041 679 kroner Norsk Sarkoidose Forening: 736 219 kroner Norsk Tourette Forening: 1 378 079 kroner PCOS Norge - Støtteforening for Polycystisk Ovariesyndrom: 423 739 kroner Personskadeforbundet LTN: 1 447 575 kroner Prostatakreftforeningen: 1 861 186 kroner Psoriasis- og eksemforbundet: 1 589 368 kroner Psoriasis- og eksemforbundet Ung: 111 600 kroner Retinitis Pigmentosa Foreningen i Norge: 969 144 kroner RLS Norge: 551 461 kroner Ryggforeningen I Norge: 1 249 941 kroner Ryggmargsbrokk- Og Hydrocephalusforeningen (RH-Foreningen): 1 080 649 kroner Rådgivning Om Spiseforstyrrelser: 1 599 580 kroner SANE Norge, Forening For Autoimmune og Infeksjonstriggede Encefalitter: 335 860 kroner Sarkomer: 714 423 kroner Spiseforstyrrelsesforeningen: 703 163 kroner Spondyloartrittforbundet Norge: 1 502 700 kroner Stoffskifteforbundet: 3 022 639 kroner Søvnforeningen: 971 063 kroner Turner Syndromforeningen Norge: 444 251 kroner Ung Kreft: 816 345 kroner Voksne med medfødt hjertefeil: 730 980 kroner Vulvaforeningen: 419 754 kroner WSO - Landsforeningen We Shall Overcome: 514 568 kroner I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande: • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) (§ 42): kr 20 325 000 • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) (§ 42): kr 1 450 000 • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 910 000 • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 950 000 • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 8 500 000 • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 2 236 000 Tildelingar 2024 Alle organisasjonar i tilskotsordninga får ubetalt tilskotet i to omgangar, ein halvpart i januar/februar og ein halvpart i juni/juli. Totalt har 135 organisasjonar blitt tildelt midlar, tre av desse er nye organisasjonar som ikkje fekk tilskot i 2023. Funksjonshemma sine organisasjonar - poengfordeling 2024 Funksjonshemma sine organisasjonar - oversikt over tilskot 2024 I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande: Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) (§ 42): kr 19 600 000 Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) (§ 42): kr 1 350 000 Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 770 000 Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 900 000 Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 8 250 000 Stiftelsen SOR (§ 44): kr 2 150 000
Tema
- Bufdir
- bufdir
- tilskudd