Vestland fylkeskommune

Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket 2026

Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket 2026 Opprett ny søknad på støtteordning Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal legge til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket. Vi kan støtte tidsavgrensa utviklingsprosjekt som bidrar til å realisere mål og strategiar i Temaplan landbruk for Vestland fylke 2023-2027. Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søkje. Det blir ikkje gitt bedriftsretta støtte. Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter. Søknadsfristar Sjå er tentative. Dette blir oppdatert etter 10. mai. Vilkår og meir informasjon Meir informasjon om vilkår for tildeling, finansiering, kven som kan søkje og anna informasjon finn de her. Kontaktinformasjon Kjersti Sognnes Seniorrådgjevar 95 75 87 20 [public contact omitted] Kristin Arnestad Seniorrådgjevar 90 61 68 43 [public contact omitted]

Tema

  • Regionalforvaltning
  • regional
  • kommune
  • fylkeskommune

Offisiell informasjon hos Vestland fylkeskommune