Møre og Romsdal fylkeskommune

Utvikling av framtidsretta lokalsamfunn

Utvikling av framtidsretta lokalsamfunn Opprett ny søknad på støtteordning M ål et med ordninga Ordninga skal bidra til å utvikle lokalsamfunn for framtida og styrke kommunane sin kapasitet til å drive utviklingsarbeid . Ordninga ska l bidra til å styrke grunnlaget for busetjing og næringsverksemd i heile Møre og Romsdal. Ordninga prioriterer område med særlege distriktsutfordringar og prosjekt tufta på eit privat-offentlege partnarskap. Kven kan søke? Både k ommunar og andre organisasjonar som driv lokal eller regional nærings- og samfunnsutvikling kan søke støtte. Kva kan du søke støtte til? Tettstadutvikling Midlar til tettstadutvikling skal bidra til attraktive og levande kommunesenter i Møre og Romsdal. Målgruppe er alle kommunesentra, med unntak av regionsentra Ålesund, Molde og Kristiansund. Kommunar kan få tilskot til gjennomføring av mellom anna stadanalysar, arkitektkonkurransar og detaljplanlegging av offentlege byrom. I 2026 er det ikkje tilskotsmidlar til fysiske tiltak. Prosjekt som kan styrke lokal næringsutvikling, og bidra til a ttraktivitet, rekruttering og inkludering av arbeidskraft Du kan søke støtte til t iltak som kan gi a uka attraktivitet for busetting og næringsliv, og styrke kommunane sin kapasitet til å drive utviklingsarbeid . Dette kan vere prosjekt som tenker nytt om rekruttering og inkludering av arbeidskraft eller som prøver ut nye former for arbeidsfellesskap , bustadsutvikling eller anna som bidrar til meir attrakt ive lokalsamfunn. Omstilling som følge av særleg nedgang i folketal og sysselset tin g Du kan søke støtte til tiltak som skal s tyrke næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar . Kommunar med stort tap av arbeidsplassar og folk over kort are eller lengre tid blir prioriterte . Utvikling av eit berekraftig reiseliv – heile året! Du kan søke støtte til prosjekt som legg til rette for verdiskapande opplevingar i heile Møre og Romsdal - heile året . Dette er ei satsing som bygger på nasjonale og regionale målsettingar for berekraftig reiseliv og besøksforvaltning , og kan mellom anna innebere fellestiltak for k ompetanseheving , samarbeid for utvikling av nye attraksjonar og anna innovasjonsarbeid som bidrar til å auke verdiskaping a i reiselivsnæringa til Møre og Romsdal Innkjøps samarbeid mellom offentlege og private for å finne nye løysingar Ønsk er du å utvikle ei ny løysing som kan løyse utfordringar kommunen din ? Då kan du søke om støtte til å gjennomføre eit innkjøps samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Støtta skal dek ke kostnadar for leverandørar som utviklar ei ny løysing, inkludert utgifter til rådgiving frå innovasjonsmiljø. For at alle leverandørar skal få like moglegheiter, og for å sikre ein rettferdig og open prosess, må utviklingsarbeidet følge reglane for offentlege innkjøp. Dette betyr at du berre kan få støtte der prosjektet blir gjennomført som ein del av ein offentleg anbodskonkurranse. K orleis søker du , og når er fristen? For å søke må du fylle ut s øknad sskjema og sende inn søknaden på tilskots portalen www.regionalforvaltning.no Søknader om tilskot på mindre enn 500 000 kroner har ingen søknadsfrist og vert behandla fortløpande av kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. Søknader om 500 000 kroner eller meir i tilskot vert behandla politisk av kompetanse- og næringsutvalet, og må leverast innan ein av desse fristane: 15. februar (blir behandla 17. mars 10 . april 2026 ( blir behandla 13. mai) 10 . mai 2026 (blir behandla 11 . juni) 10 . august 2026 (blir behandla 18. september) 15. september 2026 (blir behandla 23. oktober) 1. november 2026 ( blir behandla 4. desember ) F ylkeskommunedirektøren kan bestemme at også s øknader om mindre enn 500 000 kroner blir lagt fram for politisk behandling , dersom vedtaket krev politisk skjønn . Andre vilkår du må v ere merksam på Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift. Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført. Tilskot frå fylkeskommunen er avgrensa til maksimalt 50 prosent av totalkostnad. Finansiering gjennom eige arbeid i prosjektet har ein timepris på 1,2 promille av årsløn, maksimalt 1 100 kroner per time. Vi kan betale ut 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden, basert på innrapporterte kostnader. Ytterlegare vilkår vert gitt i tildelingsbrev. Søknader blir vurdert opp mot statstøtteregelverket, og alle opplysningar i s øknad og saksbehandling er offentleg e. Korleis vurderer vi søknaden? Alle søknader vert vurdert etter desse tre kriteria: Kvalitet og innovasjon Relevans i høve til utlysinga: «Treff» prosjektet utlysinga, og svarer det på vilkåra til ordninga? Innovasjon: Alle prosjekt må ha ei form for nyskaping eller stegvis utvikling, sjølv dei små. Der eit prosjekt liknar på noko som har blitt gjort før bør søknaden gjere greie for ulikskapar. Metode: Prosjektet skal ha eit klart mål og gode delmål, men skal også beskrive korleis dei vil oppnå desse og vise til smarte indikatorar for måloppnåing og effektar. Effekt og verdiskaping Verdi for søkaren og regionen: Det skal kome godt fram korleis prosjektet skal skape verdi for regionen, partnarskapet og søkaren. Prosjektet skal også vise korleis det svarar ut måla til regionen for grøn industrivekst, berekraftig utvikling eller andre område omfatta av regionale planar. Moglegheit for vidareutvikling: Det skal vere tydelege moglegheiter og planar for å ta prosjektet vidare etter sluttføring, gjerne ved å vise til større nasjonale og internasjonale ordningar, innhenting av privat kapital eller anna form for kommersialisering eller vidare verdiskaping. Kommunikasjon og kompetansedeling: Prosjektet skal vise til korleis prosjektet og resultata skal bli formidla til relevante målgrupper som næringsliv, lokalsamfunn og offentlege aktørar på måtar som engasjerer og skapar positive ringverknader og læring. For store prosjekt skal det vere utarbeidd ein kommunikasjonsplan. Gjennomføring Prosjektplan: Det skal kome tydeleg fram korleis prosjektet skal gå fram for å nå måla og delmåla som er definerte, gjerne i form av ulike arbeidspakker med ulike ansvarlege og prosjektfunksjonar. Risiko: Prosjektet skal?drøfte særleg sannsynlege hindringar som kan oppstå og greie ut korleis desse bli førebygde og møtast for å minske risiko. Ressursbruk: Prosjektet skal ha eit realistisk budsjett. Budsjettet skal spegle partnarar og innsatsane deira, og skal også gjere tydeleg ulike finansieringskjelder. Alle søknader får ein karakter mellom 1-7 på kvart kriterium. Prosjektsøknader må få ein karakter på 4 eller betre på alle kriteria for å kvalifisere for tilskot. Søknader om tilskot på mindre enn 500 000 kroner blir vurderte av minst to saksbehandlarar i kompetanse- og næringsavdelinga. Søknader om 500 000 kroner eller meir blir vurderte av eit fagpanel før politisk behandling.

Tema

  • Regionalforvaltning
  • regional
  • kommune
  • fylkeskommune

Offisiell informasjon hos Møre og Romsdal fylkeskommune